
Mandag, 15 september dro Friluftslivklassa frå Sogndal VGS ut på nye eventyr. Etter ein oppsamling og utdeling av felles utstyr på basketballbana, vart vi frakta ved hjelp av minibuss og bil opp til Mannsverk i Øvstedalen. Frå Mannsverk fulgte vi ein traktorveg som tok oss opp til ein plass kalla Smidjeriset. Derifrå satte vi kursen mot Furusete. Her hadde vi ein god pause der ein fylte opp tomme vatnflasker ved bekken, og ga eventyrlysten ein klar boost ved hjelp av fint landskap og flott vær.
Etter å ha kvilt i litt over ein time, fortsatte vi ferda mot Fjærlandssete. På vegen opp passerte vi Myrbeinsete, her begynte myr landskapet å slå til, noko som ville følgje oss resten av vegen fram til Fjærlandssete. Plassen som blei vald til leirplass var ypperleg ettersom den var ganske sentralisert, hadde kort avstand til drikkevatn og hadde gode moglegheitar for fiske og bærplukking. Etterkvart som alle fann sine aktivitetar, bestemte vi gutta oss for å ta ein god gamaldags runde med kort. Og kort sagt, hadde vi det utmerket! Litt seinare på kvelden hadde vi flere aktiviteter, alt ifra quiz til dei klassiske "skrekk" historiane ved bålet.
![]() |
Meg, Daniel og Jonas (Sander er kameramann) |
Iløpet av denne turen lærte eg korleis å bruke kart og kompass. Det er definitivt ein god kunnskap å ha på lur til andre framtidige turar ettersom det tillet ein å være litt eksperimentell med rutene ein vel.
Noko eg vil sei eg var godt nøgd med turen var at eg hadde mykje kle og mat. På ein tur slik som dette er det viktig å ha med seg nok mat slik at ein ikkje går svolten. Det er også lurt å ha med seg nok kle slik at ein kan skifte etter behov.
Noko eg var mindre nøgd med var at eg ikkje hadde "lette klede". Altså at eg ikkje hadde moglegheit til å byte til shorts og T-Skjorte når det var varmt. Ein anna ting er at eg gjerne skulle ha hatt med meg eit par joggesko.
Alt i alt, var dette ein ypperleg tur. Været var flott og klassa var i topp stemning som bidreg til ein flott tur opplevelse.
-Vegard Aaserud Tønnessen