Først og fremst må ein finne ein god plass å lage snøhola på. Det beste er å finne ein snøskavel som ligg på le-sida. Grunnen til dette er fordi at ein då vil kunne skjerme seg frå vindar, samt unngå at snø kan dekke til hola di og eventuelt utstyr ein har utanfor. Noko som er svært viktig er at ein velgjer ein skavel som ikkje er høgare enn 4-5 meter og som har ein vinkel som ikkje overstiger 30 grader. Dette er for å unngå potensielle skred. I tillegg er det viktig at snøen du grev i ikkje er for våt eller tung, ettersom dette vil forårsake i at taket i hola synk, som gjer det for farleg å overnatte i hola. Dersom ein er med i ei gruppe, er det gunstig å grave to innganger, slik at utgravinga av hola kan gå fortare. For å unngå gjennomtrekk tettar ein igjen den eine inngangen.
Når grovarbeidet er utført, lagar ein til soveplassen i hola. Soveplassen bør vere litt høgare enn inngangen slik at den varme lufta i hola stig og samlar seg der du søv, samt slik at du kan unngå å liggje i kulda. Framfor liggjeplassen lagar ein derfor ei kuldegrop for å utnytte denne effekten enda meir. Kulda vil då samle seg i gropa istadenfor hola generelt. Hovudpoenget med dette er for å gjere hola meir konfortabel å sove i. Dersom ein ikkje gjer det skikkeleg, vil ein risikere å fryse.
Når hola skal tas i bruk, vil det lønne seg å dekke til inngangen med snøblokker, slik at temperaturen inne i hola kan stige.
Biletet eg la til på dette blogginnlegget illustrerar godt korleis snøhola skal sjå ut, slik at komforten og sikkerheita er best mogleg.
-Vegard Aaserud Tønnessen