Tirsdag, 10 februar tok friluftslivklassa frå Sogndal VGS ut på nye eventyr. Denne gangen tok ferda oss opp til skiløypene ved Hollekve, eit skianlegg som både tilbyr langrenn og slalom som ligg ca 20-30 minutt frå Sogndal sentrum. Denne turen var ein av to planlagde "treningstoktar" som skulle førebu oss til ein kommande dagstur. Meininga var å styrka vår kunnskap om det norske vinterfjellet/landskapet, samt friske opp kunnskapar vi har lært på tidlegare turar.

Kartet viser ruta vi gjekk på Stedjekammen. Før denne turen hadde vi planleggingstimer på skulen, der vi lagde ulike turplanar i tilfelle noko gjekk galt som kunne påverka turen. Plan A var å gå etter hovudruta, der vi skulle gå mot Reipa, for deretter å å følgje Skavassgrovi oppover til Skavasshaugane, for så å returnere same veg. Plan B byrja likt som plan A, men var meir forsiktig med måla. Med andre ord var plan B dersom vi hadde kortare tid enn antatt. Kriseplanen hadde vi i backup dersom ein situasjon oppstod som gjorde at ein eller fleire elevar hadde blitt uegna til å fortsette turen. Dersom kriseplanen hadde blitt teken i bruk, ville vi ha snudd og returnert same veg.
Turen begynte på parkeringsplassen på Fosskammen. Her hoppa vi av bussen og spente på oss skiutstyr og vinterklede. Deretter begynte turen opp langs løypene. Noko veldig uheldig for meg på denne turen var at eg hadde gløymt skifellene mine, noko som gjorde at eg verken hadde grep eller noko særleg kontroll over skia. Resultatet blei at eg måtte bruke "fiskebeinsteknikken" for å kunne komme meg opp bakkane i løypa. Det fungerte, men eg blei også veldig varm og utslitt grunna teknikken.
Lenger opp i løypa hadde vi eit stopp ved raude kors plassen, der lærarane improviserte fram ei midlertidig løysing på skiproblemet mitt. Ein veldig simpel, men effektiv løysing var å bruke sportsteip under skia. Det fungerte fint i ein periode, men effekten forsvann då vi kom ut til laussnøen. I tillegg til elendig grep på skia, blei eg også dårleg under turen. Då vi hadde nådd utkanten av Rysete, låg eg merke til at både kroppen og utstyret svikta. Det uheldige resultatet var at eg måtte vende om med ein lærar og returnere til startpunktet. Det var ikkje akkurat kjekt, men det var nødvendig for å ikkje vere ei sinke for resten av klassen, samt unngå å gjere ting verre. Resten av klassen derimot fullførte turen uten problem, som var kjekt å sjå.

Torsdag, 23 februar tok klassa ut på enda eit eventyr. Denne gongen tok ferda oss til skogane på Kaupanger. Her skulle vi følje ei rute som ikkje var planlagt av oss, men av ein friluftsliv student som var med på turen. Her var ein A og B plan lagt opp for oss. Plan A gjekk ut på å starte ved Goro, gå opp til Ospesete, for så å gå vidare opp mot Pikkhaug.
Uheldigvis kunne vi ikkje følje denne planen på grunn av at bussen som skulle ta oss til Goro, blei forsinka med ein halv time. Resultatet blei at plan B vart teken i bruk istaden, som var å snu dersom vi ikkje rakk opp til Pikkhaug. Turen begynte på Goro, der vi engasjert tok ibruk ski og stavar. Derifrå fulgte vi vegen, fram til vi hoppa over på ein traktorveg. Her var det til tider ganske utfordrandes ettersom det var hol og ujamt snødekke oppover til Ospesete, men alle hadde eit ganske jamt erfaringsnivå og tempo, som gjorde at det ikkje var noko stort problem. Som på tidlegare turar hadde vi sett opp ulike grupper til å leie ulike etappar i planleggingstimane. Gruppa mi tok kontroll etter eit kort stopp på Ospesete. Der fekk eg og Marianne planlagt kvar og korleis vi skulle gå for best mulig flyt og effektivitet. Valget blei å følgje ein traktorveg som ikkje låg langt vekke frå Ospesete, for så å følgje den fram til kraftlinja. Etter det fulgte vi kraftlinja opp til det blei ein knekk på den, som symboliserte at vi hadde nådd målet vårt.
Då vi var framme, satte studenten Mats i gong med eit kompasskurs. Her skulle vi sjølv bruke kart og kompass for å finne fram i vinterterrenget, noko eg synes var veldig moro og utfordranes. Eit tips han lærte oss var å sikte inn på klare objekter som låg i ruta lenger framme. Etter at målet var nådd, kikka ein ned på kompasset igjen og valde eit nytt følgjeobjekt. Poenget med dette var for å forhindre at ein kunne gå seg vill, ettersom snøen sjular mykje av kjenneteikna som er vist på kartet. Ein potensiell fare var innsjøar, men mest farleg var dei regulerte vatna. Dette fordi vatnstanden under isen kan vere låg, som gjer det vanskeleg å komme seg opp att. Etter "kurset" vendte vi snuta mot vegen tilbake til Goro. Her fulgte vi kraftlinja heilt ned og returnerte til Goro via bilvegen.
Målet med turane var å teste ut utstyr og lære om korleis å ferdes i det norske vinterlandskapet. Eg lærte ganske mykje på desse to turane, blant anna at ein skal halde god avstand frå snøskavlar eller høgder som er høgare enn 5 meter og som er meir enn 30 gradar i vinkel. På denne måten sikrar ein seg den tryggaste ruta. Ein anna ting var å kunne kle seg rett i vinterfjellet. Det mest effektive er å kle seg med fleire lag, slik at ein kan halde kulda, samt sveitta unna.Ved å kle seg med fleire tynne lag, får ein moglegheita til å regulere varmen etter kor intensivt og hardt aktiviteten er. Kompasskurset var også veldig lærerikt og svært interesserande!
Noko eg vil seie eg var fornøgd med var kleda eg hadde valt, ruta eg og Marianne fann og generelt turopplevelsen.
Noko eg vil gjere annleis til neste gong er å kanskje ha ein anna sekk. Eg var litt begrensa grunna vanlege skuletimar før sjølve turen, men til overnattingsturen vil eg ta i bruk ein lettare sekk. Ein anna ting er at eg kanskje burde skaffe meg halvfeller, slik at eg kan ha godt grep, men også ha god glid. Eg burde også komme meg opp på fjellet for å stå meir på ski, slik at eg meistrar ploging.
Alt i alt var dette to veldig flotte turar, sjølv om den første turen ikkje endte heilt som eg ville ha føretrekt. Men, to flotte turar og ein veldig kjekk klasse bidreg til ein flott tur opplevelse!
-Vegard Aaserud Tønnessen