søndag 7. desember 2014

Nuken, ein kald men god naturopplevelse!

Kvar vi gjekk. Dag 1 i raudt og dag 2 i gult
Torsdag, 16 oktober tok friluftslivklassa frå Sogndal VGS ut på nye eventyr. Denne gangen skulle vi til eit fjell kalla Nuken. Nuken ligg aust for Halsavatnet og er cirka 1 time frå Åsen. Den store kontrasten frå forrige gong var at ein pakka sekken med tjukke ullklede, byta ut treningsjakka med parkas og eit generelt kaldare klima.

Vi møtte opp klokka 16:00 utanfor utstyrsbua som vi gjorde på forrige tur. Etter litt organisering for kven som skulle ta kva av utstyr, blei vi køyrte opp til Åsen med minibuss og bil.

I frå Åsen begynte turen vår. I planleggings timane våre hadde vi rekna ut at det ville ta ca ein time. Og det tok det. På vegen opp mot Nuken begynte alle å plukke med seg kvistar og stokkar til bålet, ettersom vi låg merke til at det blei mindre og mindre vegetasjon jo høgare vi kom. Og som sist var det ulike grupper som leidde ulike etappar. Gruppa som leidde oss fram til Nuken skulle også velge leirplass. Plassen som vart valgt var ypperleg ettersom den ikkje var altfor langt unna Halsavatnet, men også grunna plasseringa. Den ga mykje ly for vinden og var generelt flat, noko som er ein fordel når ein skal sette opp telt og stormkjøkken. Etterkvart som gruppene blei ferdige med teltoppsett og middagslaginga, begynte alle å flokke seg rundt leirbålet. Her vart vi fortalte spøkelseshistoriar, som eigentleg var meir komiske enn skumle. Resten av kvelden var prega av fantastisk stemning, samt godt vær og flott utsikt.                

Victoria, meg og Sander

Neste dag vakna vi rundt klokka 9. Alle kom seg opp og saman åt vi frukost og pakka ned telta. Noko som skilde seg ut frå forrige gong var at elevane faktisk var ferdige med frukost og nedpakking før lærarane hadde begynt å pakke. Etterkvart som dei og vart klare, satte vi kursen mot Nuken. Oppstiginga gjekk rimelig kjapt, men vi hadde bestemt oss for å endre litt på planane for lunchpausen. Vi hadde eigentleg planlagt å ete lunch på Nuken, men sidan det ikkje var så lenge sidan vi hadde spist frukost bestemte vi oss for heller å ete på Hølsete. I frå Nuken og ned til Hølsete hadde gruppa mi leiinga for klassa. Vi hadde eit jamt tempo og var nede i ca 13 tida.

Etter ein kort lunchpause på Hølsete, tok ei anna gruppe over og sette kursen ned mot skulen igjen. Det var mange ulike vegar å velje mellom, men alle var einige om at den kortaste vegen var den beste, altså å følgje vegen ned.

Før turen hadde vi to planleggingstimar der vi satte opp eit nokså tett og hektisk tidsskjema. Men vi klarte å følgje den til punkt og prikke, noko som gjorde at vi fekk vaska stormkjøkken, levert inn anna fellesutstyr og hengt opp telta til lufting, med tre minutt til overs. Ein anna ting vi skulle gjere i planleggingstimane var at kvar gruppe fekk ei spesifikk oppgåve som dei skulle utdjupe og leggje ut på facebook gruppa vår. Gruppa mi fekk ansvaret for målsettingar og forklare korleis ein skal bevege seg i haustfjellet.

Alt i alt, var dette ein flott tur med flotte folk!

-Vegard Aaserud Tønnessen








Tur til Rutlin og Bålbrenning


Mandag 29 september drog vi på ein liten tur til Rutlin. Der møtte vi to studentar som hadde fyrt opp bålet for oss Etterkvart som alle hadde kommet seg til rette, vart vi oppdelt i grupper som skulle gjøre ulike oppgåver. Noken skulle lære korleis å bruke tau til å lage reidskap, mens andre skulle spikke opp oppfyringsflisar. Dei to andre gruppene skulle hogge ved og bruke sag. Etter arbeidet satte vi oss rundt bålplassen og koste oss. Etter ein god pause med grilling av både pølser og epler, vart vi undervist av studentane om ulike typar bål. Dei hadde sett opp ein modell av eit firkantbål, der dei største kubbane vart plassert lengst nede og dei minste kubbane øvst.

Bålbrenning

Det er rekna med at forfedrane våre har brukt bål i minst 500 000 år. Bålet var til og med kjend før opprinnelsen av vår eigen menneskeart homo sapiens, byrja å vandre rundt på jorda. I dag når ein fyrar opp bålet og samlast rundt det, ber vi vidare ein urgammal kulturarv. Det fins ulike typar bål som ein kan bruke etter kva omsendigheiter eller bruk det skal ha.

Den mest vanlege båltypen er trekant bålet, eller også kalt pyramidebålet. Her legg du opptenningsmaterialet på botnen, for så å stable større kubbar og kvistar i form av ein pyramide. Dette er fordi ein skal sikre at bålet brenn oppover.





Om vintaren egnar "vinterbålet" seg best ettersom det tillet ein å ha bål utan at det synk langt ned i snøen. Dette er oppnådd ved at ein legg tjukke rå kubbar på botnen. Ettersom dei rå kubbane ikkje tek fyr, egnar dei seg godt som ein plattform for bålet. Deretter legg ein tynne og tørre kvistar og tørr flis oppå "plattforma". Heilt øvst legg ein bjørkenever for å få ein god start på bålet.


-Vegard Aaserud Tønnessen

torsdag 25. september 2014

Fjærlandssete, ein god naturopplevelse!



Mandag, 15 september dro Friluftslivklassa frå Sogndal VGS ut på nye eventyr. Etter ein oppsamling og utdeling av felles utstyr på basketballbana, vart vi frakta ved hjelp av minibuss og bil opp til Mannsverk i Øvstedalen. Frå Mannsverk fulgte vi ein traktorveg som tok oss opp til ein plass kalla Smidjeriset. Derifrå satte vi kursen mot Furusete. Her hadde vi ein god pause der ein fylte opp tomme vatnflasker ved bekken, og ga eventyrlysten ein klar boost ved hjelp av fint landskap og flott vær.

Etter å ha kvilt i litt over ein time, fortsatte vi ferda mot Fjærlandssete. På vegen opp passerte vi Myrbeinsete, her begynte myr landskapet å slå til, noko som ville følgje oss resten av vegen fram til Fjærlandssete. Plassen som blei vald til leirplass var ypperleg ettersom den var ganske sentralisert, hadde kort avstand til drikkevatn og hadde gode moglegheitar for fiske og bærplukking. Etterkvart som alle fann sine aktivitetar, bestemte vi gutta oss for å ta ein god gamaldags runde med kort. Og kort sagt, hadde vi det utmerket! Litt seinare på kvelden hadde vi flere aktiviteter, alt ifra quiz til dei klassiske "skrekk" historiane ved bålet.

Meg, Daniel og Jonas (Sander er kameramann)
Neste dag sto vi opp i rundt 8 tida. Imens eg lagde frukost, pakka dei andre på gruppa mi ned teltet. Etter ein god frukost, satte vi i gong med reisen tilbake til Sogndal. Ifrå Fjærlandssete til Fagreiggivatnet følgde vi dei andre gruppene. Eit av måla med turen var å lære korleis å bruke kart og kompass, noko som blei veldig handy ettersom kvar teltgruppe skulle vise veg og bestemme rute. Frå Fagreiggivatnet tok gruppa mi over "vegvisinga"og leidde klassen ned til Kollsetestølen.  Ruta vi gjekk var ikkje heilt etter kva vi hadde planlagt, men vi kom oss alikevel fram til Kollsetestølen. Etter litt "offroad" og kikking på kartet, fann vi til slutt fram til ein traktorveg som tok oss heile vegen ned til busstoppet som markerte slutten på turen.

Iløpet av denne turen lærte eg korleis å bruke kart og kompass. Det er definitivt ein god kunnskap å ha på lur til andre framtidige turar ettersom det tillet ein å være litt eksperimentell med rutene ein vel.


Noko eg vil sei eg var godt nøgd med turen var at eg hadde mykje kle og mat. På ein tur slik som dette er det viktig å ha med seg nok mat slik at ein ikkje går svolten. Det er også lurt å ha med seg nok kle slik at ein kan skifte etter behov.

Noko eg var mindre nøgd med var at eg ikkje hadde "lette klede". Altså at eg ikkje hadde moglegheit til å byte til shorts og T-Skjorte når det var varmt. Ein anna ting er at eg gjerne skulle ha hatt med meg eit par joggesko.

Alt i alt, var dette ein ypperleg tur. Været var flott og klassa var i topp stemning som bidreg til ein flott tur opplevelse.

-Vegard Aaserud Tønnessen