søndag 7. desember 2014

Nuken, ein kald men god naturopplevelse!

Kvar vi gjekk. Dag 1 i raudt og dag 2 i gult
Torsdag, 16 oktober tok friluftslivklassa frå Sogndal VGS ut på nye eventyr. Denne gangen skulle vi til eit fjell kalla Nuken. Nuken ligg aust for Halsavatnet og er cirka 1 time frå Åsen. Den store kontrasten frå forrige gong var at ein pakka sekken med tjukke ullklede, byta ut treningsjakka med parkas og eit generelt kaldare klima.

Vi møtte opp klokka 16:00 utanfor utstyrsbua som vi gjorde på forrige tur. Etter litt organisering for kven som skulle ta kva av utstyr, blei vi køyrte opp til Åsen med minibuss og bil.

I frå Åsen begynte turen vår. I planleggings timane våre hadde vi rekna ut at det ville ta ca ein time. Og det tok det. På vegen opp mot Nuken begynte alle å plukke med seg kvistar og stokkar til bålet, ettersom vi låg merke til at det blei mindre og mindre vegetasjon jo høgare vi kom. Og som sist var det ulike grupper som leidde ulike etappar. Gruppa som leidde oss fram til Nuken skulle også velge leirplass. Plassen som vart valgt var ypperleg ettersom den ikkje var altfor langt unna Halsavatnet, men også grunna plasseringa. Den ga mykje ly for vinden og var generelt flat, noko som er ein fordel når ein skal sette opp telt og stormkjøkken. Etterkvart som gruppene blei ferdige med teltoppsett og middagslaginga, begynte alle å flokke seg rundt leirbålet. Her vart vi fortalte spøkelseshistoriar, som eigentleg var meir komiske enn skumle. Resten av kvelden var prega av fantastisk stemning, samt godt vær og flott utsikt.                

Victoria, meg og Sander

Neste dag vakna vi rundt klokka 9. Alle kom seg opp og saman åt vi frukost og pakka ned telta. Noko som skilde seg ut frå forrige gong var at elevane faktisk var ferdige med frukost og nedpakking før lærarane hadde begynt å pakke. Etterkvart som dei og vart klare, satte vi kursen mot Nuken. Oppstiginga gjekk rimelig kjapt, men vi hadde bestemt oss for å endre litt på planane for lunchpausen. Vi hadde eigentleg planlagt å ete lunch på Nuken, men sidan det ikkje var så lenge sidan vi hadde spist frukost bestemte vi oss for heller å ete på Hølsete. I frå Nuken og ned til Hølsete hadde gruppa mi leiinga for klassa. Vi hadde eit jamt tempo og var nede i ca 13 tida.

Etter ein kort lunchpause på Hølsete, tok ei anna gruppe over og sette kursen ned mot skulen igjen. Det var mange ulike vegar å velje mellom, men alle var einige om at den kortaste vegen var den beste, altså å følgje vegen ned.

Før turen hadde vi to planleggingstimar der vi satte opp eit nokså tett og hektisk tidsskjema. Men vi klarte å følgje den til punkt og prikke, noko som gjorde at vi fekk vaska stormkjøkken, levert inn anna fellesutstyr og hengt opp telta til lufting, med tre minutt til overs. Ein anna ting vi skulle gjere i planleggingstimane var at kvar gruppe fekk ei spesifikk oppgåve som dei skulle utdjupe og leggje ut på facebook gruppa vår. Gruppa mi fekk ansvaret for målsettingar og forklare korleis ein skal bevege seg i haustfjellet.

Alt i alt, var dette ein flott tur med flotte folk!

-Vegard Aaserud Tønnessen








2 kommentarer:

  1. Hei, Vegard. Virker som en koselig tur. Jeg kunne gjerne tenkt meg å gjort det samme som du har gjort. Har du noen tips? Er det mulighet for fiske? Jeg er en ivrig hobbyfisker skjønner du, men mulighetene er ikke så store her hjemme i Oslo.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Beklager seint svar, men hadde ikkje sett på bloggen på ei stund! Eg er ikkje heilt sikker på kor gode fiskemuligheiter det er på Halsavatnet ettersom det var den første turen min opp dit! Eg kjem eigentleg ikkje frå Sogndal så er ikkje så kjend med naturen der, men eg reknar med at det skal være mogleg å fiske.

      Når det gjeld utstyr vil eg seie det held med det generelle tur utstyret som du elles har med deg, men det kan vere ein fordel å ha med gode og varme klede. På kvelden der oppe frøys eg med dunjakke så det kan bli ganske så kaldt! Trur det beste er å ha med seg god mat, godt utstyr og eit godt humør! ;)

      Slett